Komiteen for nytt kommunenamn og heraldikk

På oppdrag frå Fellesnemnda, vart det sett ned ein temakomité som skulle arbeide med tre konkrete oppgåver:

  • Nytt kommunenamn
  • Nytt kommunevåpen
  • Nytt ordførarkjede

Basert på innhenting av innspel frå innbyggjarar, og komiteens eigne vurderingar, valde komiteen å gå for namnet «Volda» for den nye kommunen.

I tillegg valde komiteen, etter å ha bedt om forslag frå innbyggjarar, å velje eit kommunevåpen som var ein kombinasjon av dei to eksisternade kommunevåpena i høvesvis Hornindal og Volda.

JonTvin

Jon Tvinnereim er leiar for komiteen. Vil du kontakte han? Send han ein e-post!

Organisering

Komiteen er sett saman av totalt fem personar. Kvar kommune er representert av to utpeike personar, i tillegg til at komiteen vert leia av Jon Tvinnereim.

Dei andre medlemmene i komiteen er Rolf Taraldset (Hornindal), Siv Madeleine Kristensen (Hornindal), Kari Hasle (Volda), Odd A. Folkestad (Volda).

Komiteen møtest så ofte som leiar finn det nødvendig.

Møtereferat

Du finn alle referat frå møta i temakomiteen for nytt kommunenamn og heraldikk under Dokument og Protokollar.

Nyheiter frå Heraldikk-komiteen
%d bloggers like this: