Temakomité for kulturbygging

Skal ein lukkast i arbeidet med å bygge felles identitet og samhald må ein få til engasjement og finne arenaer og møteplassar der folk kjem saman og skaper sosiale relasjonar.

Gruppa vil jobbe både gjennom (sosiale) media og gjennom å stimulere til at folk treff kvarandre ansikt til ansikt.

Det er fleire måtar å gjere det på, til dømes ved å skape nye møteplassar eller spele på eksisterande møteplassar. Temakomiteen ønskjer å leggje eit ekstra fokus på ungdom.

I ein slik prosess vil det vere viktig å hugse på å ta med heile kommunen og ikkje berre strekninga mellom Grodås og Volda sentrum.

Dette vil vere ein lang prosess og ein vil først sjå om dette arbeid har hatt nokon effekt når det har gått ei tid.

Odd Harald Sundal er leiar for komiteen. Vi du kontakte han? Send han ein e-post!

Organisering

Temakomiteen for kulturbygging vert leia av Odd Harald Sundal. 

Med seg i komiteen har han Astrid Gjersdal (Frivilligsentralen i Volda), Ola Bergset Ulvedal (Hornindal Frivilligsentral), Sigurd Tverberg (Volda Ungdomsråd) og Anett Mari Bugjerde (Ressursperson Hornindal).

Frå 1. januar 2019 er Kristine Sofie Orheim vikar for Ola Bergset, og måter i hans stad for Frivilligsentralen i Hornindal.

Komiteen møtest jamleg, og har elles ein god del kommunikasjon elektronisk.

Møtereferat

Du finn alle referat frå møta i Temakomité for kulturbygging under Dokument og Protokollar.

Nyheiter frå komiteen for kulturbygging
%d bloggers like this: