Partssamansett utval

Det partssamansette utvalet er Fellesnemnda sitt utval for handsaming av prinsipielle saker som gjeld tilhøve mellom den nye kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette.

Døme på dette er ein omstillingsavtale, som vil gjelde fram til 01.01.2020.

Det partssamansette utvalet gjev fråsegn i saker som omhandlar overordna personalpolitiske spørsmål, retningsliner og planar i samband med kommunesamanslåinga.

PSU er sett saman av både representantar frå kommunen og frå dei tilsette, og skal sikre at dei tilsette får høve til både medverknad og involvering i samanslåingsprosessen.

Amdam_profil

Jørgen Amdam er leiar for dette utvalet. Vil du kontakte han? 
Send han ein e-post!

Organisering

Volda-ordførar Jørgen Amdam er leiar for PSU. Resten av utvalet er komplettert av:

Stig Olav Lødemel, Lars Alv Haugen, Nina Lødøen Øen (alle frå Hornindal) og Hild Våge, Erlend Krumsvik (frå Volda).

Tillitsvalde i utvalet: Idar Holen og Norunn Helene Holmøy-Wang (begge Hornindal), Sirikit Vågen og Oddbjørg Yksnøy Rangsæter (begge Volda)

Møtereferat

Du finn alle referat frå møta i Partssamansett utval under Dokument og Protokollar.

Nyheiter frå Partssamansett Utval
%d bloggers like this: