Styringsgruppa

Denne gruppa er det øvste administrative organet i samanslåingsprosessen.

Styringsgruppa skal gjennomføre eit kartleggingsarbeid med tanke på kommunale tenester i dei to kommunane, IKT-utstyr, behov for endringar, inngåtte avtalar, osv.

I korte trekk har denne gruppa eit administrativt hovudansvar for arbeidet med omstillinga og samanslåinga av dei to kommunane.

Les nyheiter frå Styringsgruppa.

Denne gruppa er det øvste administrative organet i samanslåingsprosessen.

Styringsgruppa skal gjennomføre eit kartleggingsarbeid med tanke på kommunale tenester i dei to kommunane, IKT-utstyr, behov for endringar, inngåtte avtalar, osv.

I korte trekk har denne gruppa eit administrativt hovudansvar for arbeidet med omstillinga og samanslåinga av dei to kommunane.

Leiar: Rune Sjurgard (Volda)

Medlemmer: Asbjørn Moltudal, Oddbjørg Yksnøy Rangsæter (begge Volda), Ann Kristin Langeland, Norunn Helene Holmøy-Wang (begge Hornindal).

Sekretær: Joakim Rødven

Du finn alle referat frå møta i Styringsgruppa under Dokument og Protokollar.

  • I Forprosjektfasen (Fram til endeleg vedtak frå Stortinget og oppretting av Fellesnemnd etter § 26 i Inndelingslova) skal det gjennomførast eit kartleggingsarbeid, som tek for seg område for område og finne ut korleis ulike tenester og arbeidsoperasjonar er organisert, IKTprogramvare/infrastruktur, ressursinnsats og standard på tenester, behov for endringar, eigarskapsinteresser, inngåtte avtalar, interkommunale samarbeid, personalpolitiske retningsliner m.v.
  • Det vert sett ned arbeidsgrupper ut frå ulike tema og problemstillingar. Desse vert samansett av tilsette frå begge kommunane.
  • Styringsgruppa set ned slike grupper etter behov og prioriterar kva tema som det hastar å kome i gang med.

Etter endeleg vedtak frå Stortinget og oppretting av Fellesnemnd, skal styringsgruppa;

  • Utarbeide bemanningsplan for den nye kommunen
  • Utarbeide framlegg til lokalisering av funksjonar/stillingar med utgangspunkt i den vedtekne intensjonsavtalen mellom dei to kommunane.
  • Administrativt hovudansvar for arbeidet med omstilling og samanslåing av Volda og Hornindal.
  • Hovudansvar for utforming av prosjektplan, utarbeiding av tidsplan for arbeidet og syte for at prosjektet med samanslåing blir gjennomført.
  • Utarbeide prosjektbudsjett og søkje eksterne midlar til samanslåingsprosjektet.
  • Førebu møter og utgreie saker til Fellesnemnda og partssamansett utval.
  • Syte for at aktuelle tema blir utgreidde og «fasa» inn i prosjektet.
  • Opprette arbeidsgrupper / ad-hoc utval etter behov innanfor sektorar/einingar/teneste der dette er ynskjeleg. Det skal være medlemer frå begge kommunane i kvar gruppe.
  • Overføre personale til den nye kommunen. Overføringane skal gjennomførast i samarbeid med tillitsvalde og i samsvar med gjeldande lov og regelverk for verksemdsoverdraging.