Nye Volda

Føremålet med reforma er gode og likeverdige tenester til innbyggarane, ei heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, kommunar som er bærekraftige og økonomisk robuste og eit styrka lokaldemokrati.

Arbeidet med ein ny felles kommune skal vere prega av openheit, tillit, rausheit og likeverd. Ein vil tenkje felles muligheiter, kva vi kan bli betre på, korleis skape vekst og velstand, basert på ein framtidsvisjon om levande bygder og eit sterkt felles regionsenter.

Volda og Hornindal kommunar er ulike, men likevel likeverdige. Den nye kommunen skal etablerast, driftast og vidareutviklast med utgangspunkt i kvar av dei gamle kommunane sine tradisjonar og identitetar, fortrinn og ufordringar.

Struktur, organisasjonskultur og system skal vektleggjast, og utvikling av nærdemokrati skal gjevast høg prioritet.

Hovudmål:

  • Saman med nabokommunar ta ein posisjon for vekstkraft og utvikling i ein større region
  • Sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggjarane
  • Attraktiv lokaliseringsstad for næringsverksemd og sentrale tenester.
  • Sterkare gjennomslagskraft utad
  • Folkehelse skal ha eit overordna og førande fokus og kommunen vil støtte opp under dei
    fritidsaktivitetane og anlegga som ligg i kommunane i dag.
  • Vere ein utviklingsaktør

Delmål:

  • Skipe ein vekstkraftig og attraktiv ny kommune.
  • Legge til rette for samfunnsutvikling og skape attraktive bu-, arbeids- og fritidsområde i alle deler av kommunen.
  • Styrke folkevald styring, brei deltaking og involvering.
  • Byggje ein kompetent, effektiv og attraktiv kommuneorganisasjon med gode fagmiljø.
  • Byggje på dagens kommunar sine identitetar og styrkar innan reiseliv, anna næringsverksemd, utdanning, helse, språk og kulturarv, for å gje dette større kraft i regional samanheng.
  • Løyse strategiske oppgåver og prøve ut nye modellar for tenesteyting og samfunnsutvikling i partnarskap med t.d. sjukehus, vidaregåande skular, Høgskulen i Volda, NAV-direktoratet, frivilligsentralen, frivillige organisasjonar og næringslivet.