Organisering

Prosjektorganisasjonen som jobbar med samanslåinga av Hornindal og Volda kommune er sett saman etter følgjande modell:

Om du leitar etter ny administrativ organisering for den nye kommunen, så finn du den her.

Administrativ styringsgruppe

Denne gruppa er sett saman av rådmennene i begge dei to kommunene, assisterande rådmann i Volda og to hovudtillitsvalde (ein frå kvar kommune).

Styringsgruppa er det øvste administrative organet i samanslåingsprosessen, og skal gjennomføre eit kartleggingsarbeid med tanke på kommunale tenester i dei to kommunane, IKT-utstyr, behov for endringar, inngåtte avtalar, osv.

Siste nytt frå Styringsgruppa


Fellesnemnda

Fellesnemnda fungerer som eit kommunestyre for den nye kommunen, og vert så løyst opp når kommunestyret for den nye kommunen har konstituert seg etter kommunevalet hausten 2019.

Denne nemnda vart formelt oppretta 20. juni 2017, etter at Stortinget vedtok kommunereforma nokre dagar tidlegare.

Siste nytt frå Fellesnemnda


Prosjektleiar

Prosjektleiaren for samanslåingsprosessen mellom Hornindal og Volda er Rune Sjurgard, som i dag er rådmann i noverande Volda kommune.

Etter vedtak i fellesnemnda 20. juni vil også Sjurgard bli rådmannen i den nye kommunen frå 01.01.2020.

Noverande rådmann i Hornindal, Ann Kristin Langeland, vil bli assisterande rådmann i den nye kommunen.

Les prosjektleiarens nyheitsbrev


Kommunikasjonsrådgjevar

Kommunikasjonsrådgjevar for dei to kommunane er Joakim Rødven, som skal vere ein bidragsytar for å sikre informasjonsflyt i prosessen rundt samanslåinga både internt og eksternt.

I tillegg fungerer kommunikasjonsrådgjevaren som sekretær for fellesnemnda.


15 arbeidsgrupper

Prosjektet skal gjennom tre fasar: kartlegging, planlegging og gjennomføring.

I kartleggingsfasen vart det sett ned 15 arbeidsgrupper tidleg på vinteren etter kommunestyrevedtaket om samanslåinga.

Desse gruppene leverte i juni 2017 kartleggingsrapportar til den administrative styringsgruppa. Dette vart samla til ein samlerapport for oversiktleg gjennomlesing.