Personvern i nye Volda kommune

Frå og med 2018 vil EUs personvernforordring bli innført som norsk lov. Denne forordringa har fått forkortinga GDPR, som står for General Data Protection Regulation.

Forordringa skal syte for å sikre alle retten til å få ha sitt privatliv i fred, eit grunnleggjande prinsipp i ein rettsstat. Idealet er at den enkelte skal ha råderett over sine eigne personopplysningar.

På denne sida vil du kunne finne nyttig informasjon om personvern, korleis dine personopplysningar vert handsama og kva rettar du har til å få innsyn i opplysningar vi har om deg.

Prosjektet Nye Volda har ingen direkte tilknyting til drifta av eksisterande Volda kommune eller eksisterane Hornindal kommune. Du finn derfor meir informasjon om personvern i di kommune her:

Om denne nettsida

Nettadressa vår er https://nyevolda.no
Organisasjon: Volda kommune / Hornindal kommune
Kontakt: postmottak@volda.kommune.no / post@hornindal.kommune.no
Kontaktperson: Joakim Rødven, kommunikasjonsrådgjevar

Kva for personopplysingar me samlar inn, og kvifor me gjer det

På denne nettsida kan personopplysingar som namn, epostadresse, kontoinnstillingar; transaksjonsdata som handelsopplysingar, og tekniske data som informasjonskapslar bli henta inn i samband med kontaktskjema, påmelding på nyheitsbrev og eventuelle konkurransar.

Denne type informasjon vert mellombels lagra for å kunne identifisere og kontakte personar som deltek i aktivitetar i regi av nettportalen. Dette kan til dømes vere å kontakte vinnarar av konkurransar, ha dialog ved tilbakemeldingar og liknande.

Kommentarar

Når folk kommenterer på nettstaden, samlar me inn opplysingar i kommentarskjemaet, samt IP-adressa og opplysingar om nettlesaren, for å hindra søppelkommentarar.

Me kan me senda ein anonym tekststreng som blir laga av epostadressa di (kjent som ein hash) til Gravatar for å sjå om du bruker tenesta. Personvernreglane for Gravatar-tensta finn du her: https://automattic.com/privacy/. Profilbiletet ditt blir vist offentleg i kommentaren din etter at kommentaren din er godkjend.

Media

Viss du lastar opp bilete til nettstaden, bør du unngå å lasta opp bilete med innebygde plassdata (EXIF GPS). Dei som vitjar nettstaden, kan lasta ned og finna alle plasseringsdata frå bilete på nettstaden.

Kontaktskjema

Ved bruk av kontaktskjema, kan opplysningar som namn, e-post, IP-adresse og liknande bli lagra. Det vil kunne variere kva type informasjon som vert innhenta, avhengig av kva informasjon vi søkjer i dei enkelte kontaktskjemaa.

Vi lagrar kontaktopplysingar ei viss periode for brukarstøtte eller andre føremål, men at vi brukar ikkje opplysingane til marknadsføring. Informasjonen vert sletta når den ikkje lenger har nokon nyttefunksjon (til dømes ved endt konkurranse).

Infokapslar

Viss du kommenterer på nettstaden vår, kan du velja å lagra namnet, epostadressa og nettstaden i infokapslar. Dei er der for å gjera det lettare for deg, så du slepp å fylla inn alle opplysingane kvar gong du kommenterer. Desse infokapslane varar eitt år.

Viss du har ein brukarkonto og loggar på denne nettstaden, lagar me ein mellombels infokapsel for å finna ut om nettlesaren din godtek infokapslar. Denne kapselen inneheld ingen personlege data, og blir fjerna når du lukkar nettlesaren.

Når du loggar inn, lagar me fleire infokapslar for å lagra innloggingsopplysingane og skjerminnstillingane dine. Innloggingskapslar varar i to dagar, og skjerminfokapslar varar i eitt år. Viss du vel «Hugs meg», vil innlogginga vara i to veker. Viss du loggar ut av brukarkontoen din, blir innloggingskapslane fjerna.

Viss du redigerer eller legg ut ein artikkel, vil det bli laga ein infokapsel i nettlesaren din. Han inneheld ingen personlege opplysingar, og viser berre til innleggs-IDen til artikkelen du redigerte. Han går ut etter ein dag.

Innebygd innhald frå andre nettstader

Artiklar på denne nettstaden kan ha innhald (td. videoar, bilete, artiklar osfr.) frå andre nettstader. Slikt innebygd innhald frå andre nettstader fungerer akkurat som om du hadde vore på dei andre nettstadene.

Desse nettstadane kan samle inn data om deg, bruke cookies eller sjå dine samhandlingar med innebygde funksjonar i vår nettside dersom du er logga inn med ein konto frå den aktuelle nettsida.

Analyse

Denne nettsida har per i dag ikkje eksterne analyseverktøy.

Kven me deler opplysingane dine med

Denne nettsida leverer ikkje ut personopplysningar til ein tredjepart, som til dømes partnarar, skytenester, betalingsløysingar og andre tenestleverandørar.

Kor lenge me lagrar opplysingane dine

Viss du kommenterer eit innlegg, blir kommentaren og opplysingane om han lagra. Det er fordi me skal kunna kjenna att og godkjenna oppfylgingskommentarar automatisk i staden for å halda dei i kø for godkjenning.

Me lagrar opplysingar om brukarane som registrerer seg her. Alle brukarar kan sjå, endra og sletta personopplysingane sine når som helst, men dei kan ikkje endra brukarnamn. Styrarar på nettstaden kan òg sjå og endra desse opplysingane.

Kva rettar du har over oppysingane dine

Viss du har ein brukarkonto eller har skrive kommentarar på denne nettstaden, kan du be om å få ei eksportfil med alle dei personopplysingane me har om deg, mellom anna alle opplysingane du har gjeve oss. Du kan òg be om at me slettar alle personopplysingar me har om det. Det vekjem likevel ikkje data me må lagra av administrative, juridiske eller tryggleiksgrunnar.

Kvar me sender opplysingane dine

Gjestekommentarar kan bli sjekka av eit automatisk søppelkommentar-system.

Kontaktopplysingane dine

For spørsmål om personvern, ta kontakt med Hornindal og Volda sitt personverneombod Silje Klepp per e-post personvern@volda.kommune.no eller per telefon: +47 70 05 87 00.