Politikk – nemnder og utval

I prosjektfasen av nye Volda, er det Fellesnemnda som er det øvste organet. Dei har sitt verke fram til kommunestyre for den nye kommunen er konstituert i oktober 2019.

Fellesnemnda har sidan det vart oppretta i 2016 sett ned nokre poltiske utval, nemnder og komitear som har ansvar for ulike område.

Desse har fått ansvar for ulike oppgåver rundt planlegging av nye Volda kommune.

Administrativt har rådmennene i dei to kommunane, assisterande rådmann i Volda og to tillitsvalde ei administrativ styringsgruppe for samanslåingsprosjektet.

Fellesnemnda er det øvste politiske organet i bygginga av nye Volda kommune. Dette organet tilsvarar eit kommunestyre i kommunen, og kan binde prosjektet Nye Volda både økonomisk og juridisk.

Les meir om Fellesnemnda!

Organisasjonsutvalet er utnemnd av Fellesnemnda, og har som mandat å organisere den politiske strukturen i den nye kommunen.

Dette gjeld t.d. talet på medlemmer i kommunestyret, formannskapet, tenesteutval og retningslinjer for grendeutval.

Les meir om utvalet her!

Partssamansett utval er Fellesnemnda sitt utval for handsaming av prinsipielle saker som gjeld tilhøve mellom den nye kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette.

Les meir om PSU her!

Temakomitear

I prosjektet har det blitt oppretta to temakomitear som har fått i oppdrag frå Fellesnemnda å utføre spesifikke oppgåver.

I hovudsak er det snakk om arbeid knytt til kommunenamn, våpenskjold og ordførarkjede – og tiltak for å byggje ein felles kultur mellom innbyggjarar i Hornindal og Volda.

På oppdrag frå Fellesnemnda, har komiteen fått eit mandat til å utarbeide og innstille:

  • Nytt kommunenamn
  • Nytt kommunevåpen
  • Nytt ordførarkjede

Les meir om Heraldikk-komiteen!

Komiteen ønskjer å etablere nye møteplassar eller spele på eksisterande møteplassar. Temakomiteen ønskjer å leggje eit ekstra fokus på ungdom.

Les meir om komiteen her!