Komiteen for nytt kommunenamn og heraldikk

På oppdrag frå Fellesnemnda, vart det sett ned ein temakomité som skulle arbeide med tre konkrete oppgåver:

  • Nytt kommunenamn
  • Nytt kommunevåpen
  • Nytt ordførarkjede

Komiteen leverte si innstilling til nytt ordførarkjede til Fellesnemnda 10. januar 2019. Deira si oppgåve etter mandat var med det konkludert, og arbeidet vart avslutta.

JonTvin

Jon Tvinnereim har vore leiar for komiteen.

Kommunenamn

Basert på innhenting av innspel frå innbyggjarar og komiteens eigne vurderingar, valde komiteen å gå for namnet «Volda» for den nye kommunen.

Dette framlegget vart overlevert til leiar i Fellesnemnda 18. mai 2017. 

For at namnet skulle bli godkjent, måtte det vere to likelydande vedtak i Hornindal og Volda kommunestyrer. Det vart gjort 1. juni 2017, etter at kommunestyra hadde hatt eit felles kommunestyremøte i Honndalshallen. 

Medan Volda kommune gjekk samrøysta inn for innstillinga til namn, vedtok Hornindal kommunestyre innstillinga med ti mot sju røyster.

Kommunevåpenet til nye Volda kommune finn du her (PNG-format).

Kommunevåpen

Neste steg for komiteen var å arbeide fram nytt kommunevåpen.

Det vart arrangert ein konkurranse der alle kunne sende inn forslag. I alt kom det inn om lag 50 forslag frå publikum.

Etter å ha vurdert alle forslaga, landa komiteen på eit alternativ som var ein kombinasjon av dei begge dei eksisterande kommunevåpena. 

Vinnarforslaget vart justert med rådgjeving frå Norsk Heraldisk Forening, og lagt fram for Fellesnemnda. Dette forslaget vart vedteken 19. april 2018 med åtte mot to røyster.

Ordførarkjede

Den siste oppgåva til komiteen var å utforme ordførarkjede. Komiteen kom fram til at dei ønskte å ta utgangspunkt i Hornindal si eksisterande ordførarkjede.

Følgjande ti symbol ønskte komiteen å ha på ordførarkjeda:

Bok, båt, fele, fyr, Honndalsrokken, høvel, idrett (hopp og fotball), Lisjetoren, skulptur (frå Svor-museet), vevstol.

Saka var oppe til handsaming i Fellesnemnda 10. januar 2019, og vart samrøystes vedteken.

Organisering

Då Fellesnemnda vedtok nytt ordførarkjede, vart også komiteens mandat og oppgåve innfridd og medlemene vart takka av for arbeidet.

Komiteen har vore sett saman av fem medlemmer.

Jon Tvinnereim har vore leiar, medan Rolf Taraldset (Hornindal), Siv Madeleine Kristensen (Hornindal), Kari Hasle (Volda) og Odd A. Folkestad (Volda) har representert sine respektive kommunar.

I tillegg har varamedlemene Jakob Helset, Tove Aurdal Hjellnes, Svein Otto Espe og Torunn Lødemel Stokkeland møtt ved høve.

Møtereferat

Du finn alle referat frå møta i temakomiteen for nytt kommunenamn og heraldikk under Dokument og Protokollar.

Nyheiter frå Heraldikk-komiteen