Helse og omsorg

Svein Berg-Rusten, som i dag er tilsett som helse- og omsorgssjef i Volda kommune, er inplassert som ny kommunalsjef for den nye sektoren.

Ifølgje prosjektleiaren sitt vedtak om administrativ organisering, vil følgjande tenester bli lagt inn under Sektor for Helse og omsorg frå 2020:

Bu og habilitering, Dagsenter, Kvardagsrehabilitering, førebyggande heimebesøk og demensteam, Legetenesta, Leiar koordinerande eining, Folkehelse- og Frisklivskoordinator, Fysio- og Ergoterapi, Heimetenester, Omsorgsbustadar, Psykisk helse og Rus, Sjukeheim/Omsorgssenter, Tenestetildeling.

Under denne sektoren er også interkommunale samarbeid innanfor Kommuneoverlege, Legevakt, Hamna dagsenter og Nav også underlagt.

Tillitsvalde i prosessen:

  • Oddbjørg Yksnøy Rangsæter (HTV Fagforbundet Volda/Hornindal)
  • May Britt Lillestøl (HTV Sjukepleiarforbundet Hornindal)
  • Vydmante Solominiene (HTV Sjukepleiarforbundet Volda)
  • Bent Ingebrigtsen (tillitsvald for legane)
Svein Berg-Rusten vert ny kommunalsjef for Helse og omsorg.

Prosjektfasar

Ny struktur bør vere klar og leiarar i den nye organisasjonen bør vere rekruttert inn i god tid før sommaren 2019. Ein legg opp til følgjande prosjektplan:

Juni 2018:  HTV i Volda og Hornindal vel medlemmer til ressursgruppa. Anbod på ekstern analyse av kvalitet, behov og tilbod i helse- og omsorgstenester i dei to kommunane i notid og framtid. Agenda Kaupang er valt som leverandør. Oppstart kartlegging veke 26.

August 2018: Ressursgruppa samlast første gang 30.08.2018. Gjennomgang prosessnotat og førebuing til septembermøte.

September 2018: Samling med alle leiarar, kommuneoverlege, HTV frå NSF, Fagforbund, FO, Delta og HVO. SWOT analyse.

Oktober 2018: Ekstern analyse vert lagt fram 10.10.2018. Gjennomgang av rapport og vurdering/ strategi i ressursgruppa. Ressursgruppa planlegg samling i nov/des.

Nov/ des 2018: Samling med breiare deltaking enn septembermøtet, jobbar vidare med funn frå kartlegging og innspel frå analysa i septembermøtet.

Februar 2019: Administrativ struktur vert valt

Mars 2019: Utarbeide stillingsinstruksar og delegeringsfullmakter.

April 2019: Rekruttering og innplassering i den nye strukturen.

Frå Mai 2019: Leiarar i ny struktur startar førebuing på framtidig organisering/ drift av ansvarsområde.

Frå September 2019: Prosess med omsorgsplan (inkl. rehabiliteringsplan, smittevernplan, demensplan).

April 2020: Plan(ar?) lagt fram for politisk handsaming

Sektornyheiter

%d bloggers like this: