Landbruk

Ettersom Ørsta og Volda har samarbeid om felles landbrukskontor, vert denne teneste råka når Hornindal og Volda skal slå seg saman 1. januar 2020.

I det høvet har avtalen mellom Ørsta og Volda blitt sagt opp, og så skal det utarbeidast ein ny avtale mellom Ørsta og nye Volda.

Partane er samde om at Ørsta kommune framleis skal vere vertskommune for tenesta, og så vil prosessen utover hausten 2019 avgjere korleis tenesta skal organiserast vidare.

Mellom anna har det blitt vedteke at tenester innanfor landbrukstenester skal vere tilgjengelege frå Smia i Hornindal, noko landbrukssjef Liv Bente Viddal er klar på at ein skal få til.

Ein ny vertskommuneavtale mellom Ørsta og nye Volda skal opp til handsaming i Fellesnemnda, eller når det nye kommunestyret vert konstituert hausten 2019.

Intervju med landbrukssjefen:

Landbrukssjefen: – Arbeidet går bra