NAV

Hos NAV er det eit samarbeid mellom stat og kommune, der Ørsta kommune er vertskommune for i eit samarbeid mellom Ørsta og Volda.

Frå 1. januar 2020 skal «nye» Volda og Ørsta danne nytt samarbeid, og Ørsta vil framleis vere vertskap for tenesta. I tillegg til ei endring der Hornindal og Volda skal inn i eit nytt samarbeid med Ørsta, vert dette også ei regional endring. Hornindal er i dag ein del av NAV Vestland, medan Ørsta-Volda høyrer til Møre og Romsdal.

Nokre praktiske avklaringar skal landast, som til dømes lokalisering av kontor- og kontordagar, tilgjengelege ressursar og transporttilhøve til og frå hovudkontoret i Ørsta.

Intervju med NAV-leiaren

– Eg synest det er spanande, himmel og hav!