Oppvekst

Per Ivar Kongsvik, som i dag er tilsett som oppvekstsjef i Volda kommune, er innplassert som kommunalsjef for den nye sektoren.

Han vil derfor leie sektorprosessen for ny sektor Oppvekst.

Ifølgje prosjektleiaren sitt vedtak om administrativ organisering, vil følgjande tenester bli lagt inn under Sektor for Oppvekst frå 2020:

Jordmor, Helsestasjon/Skulehelseteneste, Barnehage, Skule, Kulturskule, Psykolog, Logoped, Introduksjon og integrering flyktningar, Læringssenter og Grunnskule for vaksne.

I tillegg kjem også dei interkommunale samarbeida om barnevern og PPT inn under denne sektoren.

Prosjektnotat og andre sentrale dokument blir lagt inn i boksen «Dokumentsamling» under kommunalsjefens profilbilete.

Per Ivar Kongsvik er oppvekstsjef i dagens Volda, og bli ny kommunalsjef for Oppvekst i den nye kommunen.

Prosjektfasar

Det skal ifølgje prosjektnotatet til Oppvekst-sektoren vere lagt opp til følgjande framdriftsplan: 
(klikk på biletet for større visning)

Sektornyheiter