Renovasjon

Fellesnemnda vedtok 22. februar 2018 at nye Volda kommune skulle sjå mot Søre Sunnmøre og Sunnmøre når det gjeld interkommunale samarbeid.

Ettersom Hornindal og Volda kommunar tidlegare har tilhøyrd ulike renovasjonsselskap (NOMIL i Hornindal og VØR i Volda), vil begge avtalane måtte bli sagt opp før nye Volda kan lage eit nytt samarbeid. Den nye kommunen vil nytte VØR som renovasjonsselskap.

Korleis tenesta skal organiserast frå 01.01.2020 skal avklarast i løpet av hausten 2019.