Samfunnsutvikling

Førebels har Rune Totland (Teknisk, Volda), Jørgen Vestgarden (Utvikling, Volda) og Ståle Hatlelid (Einingsleiar, Hornindal) hatt ansvaret for å følgje opp prosessen.

Hausten 2018 vart Jarl Martin møller tilsett som ny kommunalsjef, og vil starte i stillinga innan 01.01.2019. 

Når Møller startar i stillinga vil han leie prosessen vidare for ny sektor for Samfunnsutvikling. I dag jobbar Møller i ei liknande stilling i Herøy kommune.

Det er førebels ikkje utarbeidd eit prosjektnotat for prosessen, men inntil Møller startar i jobben som kommunalsjef er det sett ned arbeidsgrupper med tildelt mandat.

Mandat og andre sentrale dokument blir lagt inn i boksen «Dokumentsamling» under kommunalsjefens profilbilete.

Jarl Martin Møller er tilsett som kommunalsjef for samfunnutvikling og startar i stillinga 01.01.2019.

Organisering av sektor Samfunnsutvikling

Ifølgje prosjektleiaren sitt vedtak om administrativ organisering, vil følgjande tenester bli lagt inn under Sektor for samfunnsutvikling frå 2020:

Samfunns- og arealplanlegging, Brann og redning, Byggjesak, Eigedom (FDV), Eigedomsskattekontor, Fiberinfrastruktur, Grunn, Kultur- og idrettsanlegg, Miljø, Næring, Oppmåling og kart, Veg/vatn/avløp.

I tillegg er interkommunale samarbeid innanfor Akutt forureining, Landbruk og Renovasjon også lagt innunder denne sektoren.

Sektornyheiter

%d bloggers like this: