Stab- og støttefunksjonar

I Fellesnemnda vart det vedteke at eksisterande rådmann i Hornindal, Ann Kristin Langeland, går inn som ny assisterande rådmann frå 01.01.2020. Ho  har ansvaret for den vidare organiseringa under ass. rådmann.

I tillegg vart Berit Lyngstad og Kari Mette Sundgot, begge tilsette i dagens Volda kommune, innplasserte som høvesvis personalsjef og økonomisjef. Dei har begge ansvar for organiseringa vidare innanfor sine avdelingar.

Delar av stabsprosessen vil gå føre seg samla for alle tre stabane, men delar vil også gå føre seg separat i kvar enkelt stab.

Prosjektnotat og andre sentrale dokument blir lagt inn i boksen «Dokumentsamling» under profilbileta til dei tre stabssjefane.

Prosjektfasar

Det skal ifølgje prosjektnotatet til stab og støttefunksjonar vere lagt opp til følgjande framdriftsplan
(klikk på biletet for større visning):

Organisering av stab- og støttefunksjonane

Ass. rådmann

Arkiv, Beredskap, Innovasjon og digitalisering, prosjektutvikling, Juridisk rådgjeving, Mål- og kvalitetsutvikling, Offentlege innkjøp, Personvern, Politisk sekretariat/Service.

IKT og ei eiga kulturavdeling ligg også under ass. rådmann.

Personalavdeling

HMS, Kommunikasjon og informasjon, Kompetanse, Løn, Organisasjonsutvikling, Personal forvaltning, Personal rådgjeving, Rekruttering

Økonomiavdeling

Analyse og finans, Budsjett og rekneskap, Skatt og innkreving, Økonomisk rådgjeving og støtte, Økonomisk internkontroll

Sektornyheiter