Send inn ditt forslag til nytt slagord!

Denne hausten skal det dannast ein ny grafisk profil for den nye kommunen for Hornindal og Volda.

I det høvet inviterer vi lokalbefolkinga til å sende inn forslag til eit slagord for den nye kommunen!

Bidrag sendast inn ved å følgje denne lenka. Når fristen har gått ut, vil dei mest aktuelle forslaga bli lagt ut for avrøysting.

Frist for å sende inn forslag er 30. september 2018.

Om konkurransen:

  • Frist for å sende inn forslag: 30. september 2018
  • Røysteperiode: 1. oktober – 28. oktober 2018
  • Offentleggjering av vinnar: 1. november 2018

Konkurransereglar:

  • Krenkande ord eller bodskap vert ikkje vurderte.
  • Er ein vinnar under 18 år, må føresette godkjenne at vinnaren kan motta premie.
  • For å kunne vinne må ein leggje att e-postadresse for å kunne kontaktast.
  • Personar som er med å arrangere konkurransen kan ikkje delta.
  • Innspel som kjem etter 30. september vert ikkje vurderte.

Premie:

  • Vinnaren av konkurransen vil få sitt slagord med på Nye Volda sin offisielle logo, samt eit sett med to Nye Volda kaffikrus.
  • Alle deltakarar er også med i trekninga Nye Volda-kaffikrus.