Høyring: Bruken av Smia etter samanslåinga

I rimeleg tid før samanslåinga av Hornindal og Volda må det avklarast kva tenester som skal vere tilgjengelege frå dagens i kommunehus i Hornindal, Smia.

Intensjonsavtalen slår fast at Volda sentrum er kommunesenteret i den nye kommunen. Avtalen seier m.a. at: «Kommunale administrative arbeidsplassar skal så langt det er praktisk mogleg fordelast etter folketal. For å få til dette vert områdeorganisering lagt til grunn som prinsipp.»

Skular, barnehagar, helse-/legesenter og omsorgsinstitusjonar vil liggje der dei ligg i dag, og vert ikkje røyvd av kommunesamanslåinga.

Dette notatet konsentrerer seg om kva tenester som skal vere tilgjengelege på Smia som i dag er kommunehuset til Hornindal kommune.

Les prosjektleiarens høyringsnotat og forslag til bruken av Smia her: Høyring – Bruk av Smia

Frist for å sende innspel til høyringsnotatet er onsdag 27. mars 2019. Innspel sendast anten elektronisk til postmottak@volda.kommune.no eller per post til:

Volda kommune
Stormyra 2
6100 Volda

Merk dine innspel med «Innspel til bruken av Smia i nye Volda kommune»

Korte utdrag:

Her er nokre korte utdrag frå høyringsnotatet. For meir utfyllande detaljar, les heile dokumentet ved å klikke på lenka over.

  • Prosjektleiaren rår til at følgjande funksjonar vert gjort tilgjengleg ein dag i veka, og elles ved behov:
    • Landbrukstenester/landbrukskontor
    • Byggjesakshandsaming
    • Kart/oppmåling
    • Reguleringsplanlegging
  • Bibliotek og frivillegsentral held fram i sine lokale på Smia.
  • Det vert foreslått at Smia skal vere heildagsopen med mottaksfunksjon for innbyggjarar og publikum måndag, onsdag og fredag. Dette inneber ein utstrakt servicefunksjon frå sentralbasen i den nye kommunen, slik at ein representerer heile kommunen uavhengig av kvar ein arbeider frå.
  • Møtelokala på Smia vil verte brukt til ulike arbeidssamlingar og møteaktivitet for administrasjon og politiske utval i nye Volda.
  • Prosjektleiar for nye Volda Kyrkje seier følgjande om prosess for kyrkjekontor: «Når det gjeld tilgang til kontor i Hornindal ser vi ikkje for oss eit fast kyrkjekontor, men det å ha høve til å nytte eit kontor med ein arbeidsplass med internettilgang.»
  • Nye Volda vil ha felles NAV-kontor med Ørsta kommune. Korleis dette skal organiserast vert å avklare i prosjektet som er i gang. Det bør vektleggjast å finne ei mest tenleg løysing, men der dette vert å kome attende til i samband med handsaming av samarbeidsavtalen for NAV-kontor mellom Ørsta kommune og nye Volda.
  • Smia utvikling er allereie etablert på Smia i tillegg til at det er planlagt fast opningstid for landbrukskontor. Prosjektleiaren føreslår at ein arbeider med sikte på å kunne få til næringsetablering på Smia i tillegg til dei kommunale tenestene som er skissert i høyringsnotatet.

Bakgrunn

Prosess for administrative kontorplassar vart teken opp som ei orienteringssak i Fellesnemnda 18. oktober 2018.

Om du vil vite meir om kva som vart lagt fram den gongen, sjå sak OS 41/18 på saklista til Fellesnemnda i fjor haust for meir informasjon.