Kommune- og fylkesvalet 2019

Måndag 9. september vart valdagen for kommunestyre- og fylkestingvalet gjennomført.

Kommunevalet 2019 vart eit spesielt val for innbyggjarar i Volda, Hornindal og Bjørke/Viddal. Kommunesamanslåinga bidrog til at det var mykje nytt å setje seg inn i, og mange nye kandidatar å røyste på.

I årets kommunestyreval var det i alt 8132 røysteføre i det som vert «nye» Volda kommune frå 01.01.2020. Av desse var det 5634 personar som hadde gitt si røyst, der 1742 av desse var førehandsrøyster.

Oppmøteprosenten i kommunevalet var derfor på om lag 69,3 prosent.

Samanliknar vi årets oppslutnad med valdeltakinga i kommunevalet for fire år sidan, er det ei auke på om lag 4,2 prosentpoeng (opp frå 65,1 prosent).

Møtebok

Her finn du valstyrets møtebok frå kommunestyre- og fylkestingvalet:

Det var i alt 11 parti som stilte til val i nye Volda kommune:

  • Arbeidarpartiet
  • Framstegspartiet
  • Høgre
  • Kristeleg Folkeparti
  • Partiet De Kristne
  • Miljøpartiet
  • Raudt
  • Senterpartiet
  • Sosialistisk Venstreparti
  • Venstre
  • Volda-lista

Partia er sortert i alfabetisk rekkjefølgje. Vallistene til kvart parti finn du her: Vallister nye Volda

Tidleg førehandsrøysting er frå 1. juli og ordinær førehndsrøystingsperioden innanriks er i perioden 12. august- 6. september 2019.

Førehandsrøysting utanriks er i perioden 1. juli – 30. august 2019.

Du kan førehandsrøyste i alle kommunar i landet.

Oversikt over alle røystestadane kjem på valglokaler.no, og blir også annonsert i andre mediekanalar.

Kommunen tek også imot førehandsrøyster på helse- og sosialinstitusjonar, vidaregåande skule, høgskulen og sjukehuset.

Tidspunkt vil bli kunngjort seinare.

Du finn alle møtedokument i valstyret under Dokument og protokollar.

Valansvarleg: Inger-Johanne Johnsen, tlf. 959 01 061, epost: inger.johanne.johnsen@volda.kommune.no

Valmedarbeidar: Sonja Håvik, tlf. 958 89 326 epost: sonja.havik@volda.kommune.no

I samband med valet kan du halde deg oppdatert på førebelse – og til slutt endeleg – resultat av røysteoppteljinga. 

Du vil finne meir informsjon om opptelde røyster på valgresultat.no nærmare valdagen.

Ofte stilte spørsmål om val

For å ha røysterett må du ha fylt 18 innan utgongen av valåret, ikkje ha tapt røysteretten etter Grunnloven § 53 og vere, eller har tidligare vore, folkeregisterført som busett i Norge.

Utenlandske statsborgarar kan også røyste ved kommunestyre- og fylkestingsval i Norge dersom dei oppfyl desse kriteria og har vore innført i folkeregisteret som busett i Norge dei tre siste åra før valdagen. Statsborgarar frå eit anna nordisk land som har blitt folkeregisterført som busett i Norge seinast 30. juni i valåret har også røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsval i Norge.

For å kunne røyste må veljaren vere innført i manntallet i kommunen på valdagen. Dette gjeld både for norske statsborgarar og utenlandske statsborgarar.

Tidlegrøysting: Det er mottak av tidlegrøyster på Volda rådhus og på Smia, Grodås, f.o.m. 1. juli t.o.m. 9. august

Førhandsrøysting på Volda rådhus og på Smia, Grodås: f.o.m. mandag 12. august t.o.m fredag 6. september

Førehandsrøysting på skular og institusjonar:

  • Hornindal omsorgssenter
  • Høgskulen i Volda
  • Volda Psykiatriske senter DPS
  • Volda vidaregåande skule
  • Folkestadtun: tysdag
  • Mork rehab.senter
  • Nilletun, Mork
  • Volda Omsorgssenter
  • Fjordsyn
  • Volda sjukehus

Dato og tidspunkt for førehandsrøysting på skular og institusjonar vil bli kunngjort seinare.

Volda kommune har seks røystestadar:

  • Kommunehuset Smia, Grodås: 12:00-20:00
  • Øyra røystekrins: Samfunnshuset kl. 9.00-20.00
  • Mork røystekrins: Mork skule kl 12.00-18.00
  • Austefjord røystekrins: Austefjord skule kl 12.00-18.00
  • Folkestad røystekrins: Folkestad skule kl 12.00-18.00
  • Dalsfjord røystekrins: Dalsfjord skule kl 12.00-18.00

På valdagen må du røyste i heimkommunen, altså den kommunen der du er manntallsført.

For å kunne røyste på valdagen, må du vere registrert busett iflg. folkeregisteret innanfor kommunegrensane til det som vil vere Volda kommune frå 1.1.2020 (Bjørke, Viddal, Hornindal og Volda).

Ja, du kan avgi forhåndsrøyst heimanfrå. Veljarar som ikkje kan oppsøke eit vallokale, kan søke om å få røyste heime. Det er ingen formelle krav til søknad.

Ring Volda kommune på tlf 70 05 87 00 og oppgi namn, adresse og telefonnummer. Søkjaren vil deretter bli kontakta av ein av våre valmedarbeidarar for å avtale eit tidspunkt.

Søknadsfristen vil bli kunngjort seinare.

Nei. Tilbodet om å røyste heimanfrå gjeld berre i tilknyting med førehandsrøystinga. På valdagen er det ikkje mogleg for å røyste heimanfrå.

Nei. Det var eit forsøk med internettrøysting i nokre kommunar i 2011 og 2013, men denne ordninga blei ikkje vidareført

Du kan endre rekkefølgja kandidatene er sett opp i på røysteseddelen. Dette gjer du ved å sette ønska nummer i ruta framfor kandidatnamnet. Rettleiing om dette er trykt på baksida av seddelen.

Nei, ugyldige endringar fører ikkje til forkasting. Endringene blir berre sett bort fra. Dersom du til dømes stryk over eit partinamn eller kandidatnamn, blir det ikkje godkjent som ei endring.

Seddelen må bli stempla før du legg den i urna. Det må også gå fram kva parti du har røysta på, og partiet må stille liste i ditt valdistrikt.

Regelen er JA. Legitimasjon må ha namn, fødselsdato og bilde.

Det er ikkje eit krav at veljaren har med valkortet, men det er ein fordel for å få til ei raskare valgjennomføring.

Nei, det er alltid veljar sjølv som skal røyste.

Nei, røystinga du avgir er endeleg.

Ja. Det er for å sikre hemmeleg val og for å unngå moglegheiter for kjøp og sal av røystingar.

Da må veljaren inn i avlukket igjen for å brette riktig, blant anna av same årsak som nemnd i forrige punkt. Ingen skal vise eller fortelle kva dei har røysta så lenge dei er inne i vallokalet.

Nei, røysting skal skje i einerom og usett for å sikre hemmeleg val.

Det er alltid røystestyret/valfunksjonær som skal hjelpe. I heilt spesielle tilfelle, til dømes ved sterk funksjonsnedsetting, kan veljar peke ut ein hjelpar i tillegg til valmedarbeidaren. Alle hjelparar har sjølvsagt teieplikt.