Kommune- og fylkesvalet 2019

Gjennomføring av valet 2019 er den første oppgåva som «nye» Volda skal utføre som ny kommune.

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 skal skje som om grensendringane allereie har funne stad, og veljarar frå Bjørke, Viddal, Hornindal og Volda skal velje kven som skal sitte i kommunestyret (og andre styre, råd og utval) i neste periode.

Valdag er måndag 9. september 2019.

Alle listeforslaga kan du finne her: Listeforslag_Volda_2019

Tidleg førehandsrøysting er frå 1. juli og ordinær førehndsrøystingsperioden innanriks er i perioden 12. august- 6. september 2019.

Førehandsrøysting utanriks er i perioden 1. juli – 30. august 2019.

Du kan førehandsrøyste i alle kommunar i landet.

Oversikt over alle røystestadane kjem på valglokaler.no, og blir også annonsert i andre mediekanalar.

Kommunen tek også imot førehandsrøyster på helse- og sosialinstitusjonar, vidaregåande skule, høgskulen og sjukehuset.

Tidspunkt vil bli kunngjort seinare.

Du finn alle møtedokument i valstyret under Dokument og protokollar.

I samband med valet kan du halde deg oppdatert på førebelse – og til slutt endeleg – resultat av røysteoppteljinga. 

Du vil finne meir informsjon om opptelde røyster på valgresultat.no nærmare valdagen.

Kven har røysterett til kommune- og fylkestingsvalet?

For å ha røysterett må du ha fylt 18 innan utgongen av valåret, ikkje ha tapt røysteretten etter Grunnloven § 53 og vere, eller har tidligare vore, folkeregisterført som busett i Norge.

Utenlandske statsborgarar kan også røyste ved kommunestyre- og fylkestingsval i Norge dersom dei oppfyl desse kriteria og har vore innført i folkeregisteret som busett i Norge dei tre siste åra før valdagen. Statsborgarar frå eit anna nordisk land som har blitt folkeregisterført som busett i Norge seinast 30. juni i valåret har også røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsval i Norge.

For å kunne røyste må veljaren vere innført i manntallet i kommunen på valdagen. Dette gjeld både for norske statsborgarar og utenlandske statsborgarar.

Kvar og når kan eg førehandsrøyste?
  1. Tidlegrøysting: Det er mottak av tidlegrøyster på Volda rådhus og på Smia, Grodås, f.o.m. 1. juli t.o.m. 9. august
  2. Førhandsrøysting på Volda rådhus og på Smia, Grodås: f.o.m. mandag 12. august t.o.m fredag 6. september
Førehandsrøysting på skular og institusjonar:
  • Hornindal omsorgssenter
  • Høgskulen i Volda
  • Volda Psykiatriske senter DPS
  • Volda vidaregåande skule
  • Folkestadtun: tysdag
  • Mork rehab.senter
  • Nilletun, Mork
  • Volda Omsorgssenter
  • Fjordsyn
  • Volda sjukehus

Dato og tidspunkt for førehandsrøysting på skular og institusjonar vil bli kunngjort seinare.

Kor og når kan eg røyste på valdagen?

Volda kommune har seks røystestadar: 

  • Kommunehuset Smia, Grodås: 12:00-20:00
  • Øyra røystekrins: Samfunnshuset kl. 9.00-20.00
  • Mork røystekrins: Mork skule kl 12.00-18.00
  • Austefjord røystekrins: Austefjord skule kl 12.00-18.00
  • Folkestad røystekrins: Folkestad skule kl 12.00-18.00 
  • Dalsfjord røystekrins: Dalsfjord skule kl 12.00-18.00

På valdagen må du røyste i heimkommunen, altså den kommunen der du er manntallsført.

Kva blir rekna som heimkommune når det gjeld manntal?

For å kunne røyste på valdagen, må du vere registrert busett iflg. folkeregisteret innanfor kommunegrensane til det som vil vere Volda kommune frå 1.1.2020 (Bjørke, Viddal, Hornindal og Volda).

Kan ein røyste på valdagen i eit anna vallokale enn i sin eiga røystekrins?

Ja, så lenge det er i Volda kommune. 

Kan ein røyste heimanfrå dersom ein har nedsett funksjonsevne?

Ja, du kan avgi forhåndsrøyst heimanfrå. Veljarar som ikkje kan oppsøke eit vallokale, kan søke om å få røyste heime. Det er ingen formelle krav til søknad. Ring Volda kommune på tlf 70 05 87 00 og oppgi namn, adresse og telefonnummer. Søkjaren vil deretter bli kontakta av ein av våre valmedarbeidarar for å avtale eit tidspunkt.

Søknadsfristen vil bli kunngjort seinare.

Kan ein røyste heimanfrå på sjølve valdagen?

Nei. Tilbodet om å røyste heimanfrå gjeld berre i tilknyting  med førehandsrøystinga. På valdagen er det ikkje mogleg for å røyste heimanfrå. 

Kan ein førehandsrøyste via internett?

Nei. Det var eit forsøk med internettrøysting i nokre kommunar i 2011 og 2013, men denne ordninga blei ikkje vidareført

Har Volda kommune etablert skyssordning på valdagen?

Nei.

Kva slags endringar kan ein gjere på seddelen ved kommune- og fylkestingsval?

Du kan endre rekkefølgja kandidatene er sett opp i på røysteseddelen. Dette gjer du ved å sette ønska nummer i ruta framfor kandidatnamnet. Rettleiing om dette er trykt på baksida av seddelen.

Blir røysteseddelen forkasta dersom ein gjer andre endringar?

Nei, ugyldige endringar fører ikkje til forkasting. Endringene blir berre sett bort fra. Dersom du til dømes stryk over eit partinamn eller kandidatnamn, blir det ikkje godkjent som ei endring.

Kva skal til for at ein røysteseddel blir godkjent, altså ikkje forkasta?

Seddelen må bli stempla før du legg den i urna. Det må også gå fram kva parti du har røysta på, og partiet må stille liste i ditt valdistrikt.

Må alle vise legitimasjon? Og kva blir godkjent som legitimasjon?

Regelen er JA. Legitimasjon må ha namn, fødselsdato og bilde. 

Treng eg ta med valkortet når eg skal røyste?

Det er ikkje eit krav at veljaren har med valkortet, men det er ein fordel for å få til ei raskare valgjennomføring.

Kan ein veljar røyste for andre dersom vedkomande har med fullmakt?

Nei, det er alltid veljar sjølv som skal røyste.

Kan ein røyste på nytt dersom ein ombestemmer seg?

Nei, røystinga du avgir er endeleg.

Må veljarane bruke avlukket sjølv om dei har med seg seddel?

Ja. Det er for å sikre hemmeleg val og for å unngå moglegheiter for kjøp og sal av røystingar.

Kva skjer dersom veljaren kjem ut av valavlukket utan å ha bretta seddelen rett?

Da må veljaren inn i avlukket igjen for å brette riktig, blant anna av same årsak som nemnd i forrige punkt. Ingen skal vise eller fortelle kva dei har røysta så lenge dei er inne i vallokalet.

Kan fleire veljarar gå saman inn i avlukket?

Nei, røysting skal skje i einerom og usett for å sikre hemmeleg val.

Kva med veljarar som treng hjelp?

Det er alltid røystestyret/valfunksjonær som skal hjelpe. I heilt spesielle tilfelle, til dømes ved sterk funksjonsnedsetting, kan veljar peke ut ein hjelpar i tillegg til valmedarbeidaren. Alle hjelparar har sjølvsagt teieplikt.

Valansvarleg: Inger-Johanne Johnsen, tlf. 959 01 061, epost: inger.johanne.johnsen@volda.kommune.no

Valmedarbeidar: Sonja Håvik, tlf. 958 89 326  epost: sonja.havik@volda.kommune.no