Røysting og røystelokale

Kven kan røyste?

Alle som har røysterett, kan røyste. Ved kommunestyre- og fylkestingsval har du røysterett dersom:

  • Du er norsk statsborgar og har fylt 18 år ved utgangen av valåret og er, eller har vore, registrert med busett i Noreg.
  • Du er statsborgar i andre nordiske land (det vil seie Danmark, Finland, Island eller Sverige) som har fylt 18 år ved utgangen av valåret og som har vore registrert busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.
  • Du er utanlandsk statsborgar frå andre land enn dei nordiske som har fylt 18 år ved utgangen av valåret, og har vore registrert busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen. I dette høvet er det eit krav at butida er samanhengande.

For å kunne røyste på kommunevalet i Volda, må du vere busett innanfor kommunegrensene til det som vil vere Volda kommune frå 2020 (Bjørke, Viddal, Hornindal og Volda).

Kvar kan eg røyste?

På valdagen kan du røyste i eitt av vallokala i kommunen, desse er:

Røystekrins Vallokale Opningstider
Hornindal krins Smia 12.00 – 20.00
Øyra krins Volda samfunnshus 09.00 – 20.00
Mork krins Mork skule 12.00 – 18.00
Dalsfjord krins Dalsfjord skule 12.00 – 18.00
Folkestad krins Folkestad skule 12.00 – 18.00
Austefjord krins Austefjord skule 12.00 – 18.00

Korleis røyster eg før valdagen?

Dersom du vil nytte deg av førehandsrøysting, så kan dette gjerast i kva som helst kommune i landet.

Førehandsrøysting i Noreg startar 12. august, og ein kan førehandsrøyste fram til og med 6. september.

Dersom du oppheld deg eller bur i utlandet, eller på Svalbard eller Jan Mayen, kan du førehandsrøyste allereie frå 1. juli til og med 1. september.

Førehandsrøysting i utlandet skjer hjå utanriksstasjonar eller oppnemnde røystemottakarar.

Kvar finn eg møtedokument frå valstyret?

Alle møtedokument og protokollar kan ein finne under fana «Dokument» på heimesida vår.

Kva krav er det til listeforslag?

Fristen for å levere listeforslag var 1. april 2019. Alle partia og gruppene som ynskte å stille til val, måtte levere listeforslag til valstyret i kommunen eller fylkeskommunen.

For meir informasjon om listeforslag, sjå Valdirektoratet si heimeside.